KRONIKK: Vestlege leiarar svermar om Indias autoritære statsminister. Jamvel Kinas diktator får besøk. Ingen snakkar høgt om trusfridom og andre menneskerettar.
Det hindunasjonalistiske India er prega av systematisk hatretorikk, organisert frå toppen, konkluderer India Hate Lab-rapporten frå Center for Study of Organized Hate: «Opphissande retorikk har gått frå å vera ein spesifikk kampanjetaktikk til å verta ein normalisert og konstant mekanisme i politisk styring», heiter det. Kristne og muslimar blir stempla som «illojale, antinasjonale, farlege eller demografisk trugande». Dette er eit farleg uttrykk for Narendra Modis India.